Me ynskjer å invitere alle Lyngmo- vener på medarbeiderfest Tirsdag 5. mai kl 19.00 på Lyngmo.
Er du glad i Lyngmo? Då håpar me du vil kome på medarbeidarfest 5. mai!
Gjennom året er det mange barn, ungdom og vaksne innom Lyngmo, og me trur at samlingane, fellesskapet og det som blir delt betyr mykje for mange. Alt dette hadde ikkje vore mogleg utan dykk!
No har me lyst til å samle oss ein kveld for å seie tusen takk
Enten du har hjelpt til på kjøkkenet, vaska, vore sommarvikar, leiar på leir eller ungkurs, støtta oss økonomisk, er med oss i bønn, eller bidratt på andre måtar. Om du er med ofte eller berre av og til: du er viktig for oss!
Det blir ein kveld med god mat, varmt fellesskap, ei enkel andakt og litt kjekk underhaldning. Rett og slett ein kveld for å vere saman og kose oss.