Velkommen til “Spring for Lyngmo” 2024!
Onsdag 11. september 2024 vert det «Spring for Lyngmo».
** Sjå spennande informasjon om Premium-klasse lenger nede **
Program
Gratis matservering pizza og pølser: 16.30-17.20
Andakt og oppvarming: 17.20 - 17.40
Spring for Lyngmo: 17.45 – 18.45
Avslutningssamling med premieutdeling: 18.50 – 19.00
Informasjon om løpet:
Deltakarane skal springe ein runde på 400 meter så mange ganger dei klarer i løpet av 1 time.
I dagane før løpet startar skaffar deltakarane seg sponsorar (familie, venner og bekjente). Sponsing skjer på 2 måtar:
A: Sponsar med eit beløp pr runde som deltakarane klarer å springe i løpet av 1 time
B: Sponsar med eit fast beløp for heile løpet.
Alle sponsa beløp går som ei gåve til Lyngmo Ungdomssenter og vert innbetalt på Vipps / bank-konto etter løpet.
Deltakaren gjer beskjed til dei som har sponsa om kor mange rundar du har sprunge slik at dei kan betale sponsinga til Lyngmo.
Premiering til
Den som skaffar flest sponsorar
Den som spring flest rundar i kvar klasse
Barnehage
1.- 4. klasse
5. – 7. klasse
Vaksen (8. klasse og oppover)
Premium-klasse: Fylt 60 år: —> Desse betaler påmeldingsavgift på 1000,- og går / spring så mange rundar ein ønsker. Deltakarar i premium-klassen treng ikkje skaffe sponsorar.
Frist for påmelding er onsdag 11. september kl 10.00. Ta kontakt på telefon 57684366 med Lyngmo dersom påmelding etter dette klokkeslettet.
Me ønsker alle velkomne til å stå rundt løypa og heie!