Tilbake til alle arrangementer

Vi over 60


  • Lyngmo Ungdomssenter 21 Lyngmo Hafslo, Vestland, 6869 Norway (kart)

I 2023 er me heldige og har fått med oss dei to talarane Odd- Åge Ågedal og Asle Hetlebakke

Meld dykk på så snart som mogleg. Det kan verta fullt.

Hjarteleg velkomne!!


Påmelding

 

Her er link til påmelding-skjemaet:

https://www.lyngmoinfo.com/vi-over-60


Kva og kvifor Vi over 60

Dette er ein leir for dei som er på veg inn i pensjonsalderen og for dei som er godt etablerte pensjonistar. På leiren ønskjer me å setje deltakarane i fokus ved at alle vert sett og inkludert i det sosiale fellesskapet. På Vi over 60 kombinerer me grundig og bibeltru undervisning med lettare underhaldning og aktuelle seminar. Kvart år legg me også opp til ein tur ut i lokalsamfunnet. Indre Sogn har mange perler me kan syne fram! Me trur slike leirar er viktige sosialt. Like viktig er det at ein får påfyll frå Bibelen til eit liv i dagleg etterfølging av Jesus!

 

Talarane

Odd- Åge Ågedal:

75 år, Vokst opp i Vest Agder, bur no i Østfold. Gift med Lillian og har fire barn. Tilsett i Misjonssambandet i alle år, 19 år i Etiopia og resten som forkynnar m.m. i Noreg.

 

Asle Hetlebakke:

Busett i Alvær kommune. Forkynnar i Nordhordland Indremisjon. Har hatt ulike stillingar i Nordhordland og IMF sidan 1984.

 

Brosjyre med dagsprogram


God mat

På leirane på Lyngmo ønskjer me å servere gode og varierte måltid.
For dei som har matallergiar, så er det viktig at de gjer oss beskjed om dette ved påmelding. Då vil kjøkkenstaben prøve å leggje til rette for dei ulike behova.

 

Romstandard

Rom med bad: Det er 25 rom med eige bad på Lyngmo. Romma er enkelt utforma, men med gode senger og elles det du treng.

Campinghytte: Det er også mogleg å bu i campinghytte for dei som ønskjer ein enklare standard. Då får du 15 % rabatt. Hyttene har ikkje innlagt vatn og dei som bur der nyttar det nye sanitæranlegget for campingplassen.

Campingplass: Det er mogleg å ta med campingbil / campingvogn eller bu i telt for dei sprekaste!


Prisar

2635,- for heile opphaldet

*Me køyrer privatbilar på tur.

**Billett/servering på museet kjem i tilegg

795,- i enkeltromstillegg

120,- for leige av sengtøy inkl. handduk

180,- for ferdig oppreidd seng inkl. handduk

15 % rabatt i hytter


Sosialt og aktivitetar

Leiarane har mål om å sjå deltakarane og at alle skal kjenne seg inkludert. Me held høgt dei uformelle pratane rundt borda i peisestova, samstundes som me prøver å ha enkle programinnslag gjennom leiren.Det vert også lagt opp til nokre fysiske aktivitetar med morgontrim og spasertur for dei som ønskjer det.


Leiarane

Gudmund Furnes ‐ 97 99 28 26              Liv Hushagen ‐ 90 47 31 33
Kjell Mjelstad ‐ 91 53 26 04              Per Hilleren - 47 60 75 32


 
Forrige
Forrige
16. mai

16. mai feiring!

Neste
Neste
2. juni

Sommarleirane på Lyngmo